onsdag 24. juni 2009

Ellings gjeste-spalte


"Bloggen min er død... du må skrive noe"
-Marion


Ellings Gjestespalte

Hei. Dette er Elling, forfatter av dagens spalte. Den handler som nevnt i tittelen om Gjester.
Her snakker med altså om Gjester med stor G, ikkje folk som tilfeldig vis svinger innom for en prat og ein kopp te.

Ein gong for lenge, lenge sidan var vårt no så fredelige Norge litt som Afgahnistan eller Somalia i dag. Krigsherrar, småkaksar, piratar (eller Vikingar som det heit på gammalnorsk) og muligens troll, hekser og satandyrkande samar ( i hennhald til enkelte kjelder) la sine klamme hender over så mykkje land dei greide. Vald og lovløsheit herska. Kvinner fekk ikkje gå på skulen, husdyr levde under kummerlige forhald, og menneskehandelen foregikk som sjølvplukk.
Det er rimelig å sjå for seg at godeste Harald Hårfagre mista manken meir på grunn av stress og frustret hårdragning en frisering etter rikssamlinga.

Sidan det var viktig å komme i dialog med folket om den uryddige situasjonen, fekk kongen snart eit eigen gjeng oppsøkande kundebehandlerar; Gjestane.
Navnet fekk dei (IHT ein middelaldersk kilde) fordi dei ofte Gjesta stader der dei ikkje altid var like velkomne.

Gjestane var ei lystig blanding av politi, Hærens Jegerkomando, skattefuten og Gestapo. Dei tok seg av speiding, ytre vakthald rundt kongen (mens dei meir stuereine Hirdmennene tok av det indre vakthaldet) og tjente som middels tungt infanteri på slagmarka. Men hovedsaklig "reiste dei rundt i riket på utkikk etter kongens fiendar" som det heiter.
Dersom dei fann ein av desse var dei pliktige til å slå han i hel.
Dette var jo, under forhalda, eit omfattande arbeid, men som eit lite plaster på såret fekk dei behalde alt dei greide å frakte med seg av tinga til den aktuelle folkefienden. Dei fekk dog ikkje lov å reise tilbake for å hente meir, så dersom du såg eit par tungt vepna karar med breie flir og tomme pakkhestar på veg til gards, var det oftast ein god ide å springe til fjells.
Dei fekk også ha sitt eige flagg.
Det var, ikkje overaskande, svart.

Gjestevesenet blei avskaffa då ei gjekk tom for folkefiendar ein gong tidleg 1300-tall. Men dei har etterlatt seg eit såpass grundig inntrykk på den norske underbevistheita at ein dersom mogleg har eigne roverom og håndklær parat for å halde eventuelle Gjestar komfortable og i godt humør....

Fleire morsome Gjeste-historier i ein seinare spalte.